Medarbeidarar

 
Nina Dalen er utdanna psykolog frå Universitetet i Oslo (UiO), og er spesialist i klinisk psykologi med fordjupningsområdet klinisk nevropsykologi. Ho har arbeidd med barn og vaksne pasientar innanfor nevrologi, habilitering, rehabilitering og psykisk helsevern. Nina har også lang leiarerfaring som regiondirektør og FoU-direktør. Ho var i mange år leiar i Fagetisk råd i Norsk Psykologforening, underviser på etikk-kurs og seminar i inn- og utland og har eigen etikkblogg på sidene til Norsk Psykologforening. Ho er 1. vara til Sentralstyret i Norsk Psykologforening. Nina er medlem i det faste etikkutvalet for samanslutninga av dei europeiske psykologforeningane (EFPA). Ho tek oppdrag som sakkunig for retten. Nina har vore kommunepsykolog i Hol og Ål.


 
 

Knut Dalen
 er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen (UiB), og spesialist i klinisk psykologi med fordjupningsområdet klinisk nevropsykologi. Han er dr.philos og har professorkompetanse i klinisk nevropsykologi. Knut har også europeisk psykologdiplom EuroPsy. Han har arbeidd innanfor rusfeltet, barne- og vaksen-nevrologi og barnehablilitering i tillegg til svært mange år ved Nevropsykologisk Poliklinikk ved UiB, nokre år som professor II. Knut er også mykje brukt som sakkunnig både i sivile saker og straffesaker, og er medlem i Den rettsmedisinske kommisjon, Psykiatrisk gruppe. Han har vidareutdanning som klinisk rettleiar, og har omfattande erfaring som rettleiar for studentar, psykologar i spesialistutdanning og andre faggrupper. Knut har arbeidd mykje med yrkesetikk og forskingsetikk inn- og utland, både som etikkekspert for EU-kommisjonen, forskar, førelesar og rettleiar. I perioden 2007-2013 var Knut medlem i Statens Helsepersonellnemnd. Knut er leiar for Ankeutvalg for Fagetiske Klagesaker i Norsk Psykologforening. I perioden 2010-2017 var Knut medlem i Den nasjonale forskningsetiske komite for medisin og helsefag (NEM). Knut er medlem 
INAS sin Eligibility Committee som har ansvar for å klassifisere utviklingshemma idrettsutøvarar på internasjonalt nivå. Knut har vore prosjektleiar i Hallingforsk, knytt til UiO som forskar, og vore kommunepsykolog i Hol og Ål. 



Vibeke Knutsmoen
arbeider som testteknikar ved nevropsykolog.no AS. Ho er utdanna vernepleiar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), avdeling Sogndal. Vibeke har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk, med særleg fokus på ADHD, Tourettes og Aspergers syndrom. Ho har 60 studiepoeng i praktisk pedagogikk frå Høyskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Vibeke har arbeidd som adjunkt i helse- og oppvekstfag ved Ål VGS. Vibeke har lang erfraring med psykisk utviklingshemma gjennom arbeid i Miljøterapitenesta i fleire kommunar i Hallingdal.
 
 
 
 
 
 


Julia Svidal arbeider som testteknikar ved nevropsykolog.no AS. Ho har ein bachelor i ungdomssosiologi fra Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), med grunnfag i Engelsk. Julia har 60 studiepoeng i praktisk pedagogikk fra Høgskulen i Sogn og Fjordane med engelsk som fagdidaktikk. Ho er adjunkt i engelsk og samfunnsvitskap. Julia har erfaring med arbeid med barn både frå barnehage og som lærar i barne- og ungdomsskule. Ho arbeidde 3 år som faglærar i Hol Kommune før ho starta som testteknikar.

 
 
 
 
 
Viser 0 artikler
Sorter 
 
Viser 0 artikler
Comments