Tilvising og pris

Tilvising

Vi er knytt til Norsk Helsenett. Difor vil vi ha tilvisingane ELEKTRONISK. Det kan vere fornuftig å drøfte tilvisinga på telefon på førehand. På denne måten vert ofte problemstillingane klarare. 

For å utløyse refusjon frå Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) må ein ha tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsleiar. Hugs å føre på heile personnummeret til pasienten, tilvisingsdiagnose og legen sitt ID- eller HPR-nummer. Tilvisinga sender ein til: Spes. klinisk. nevropsyk. Knut Dalen, Håkonsetgutu 8, 3577 Hovet. 

Pasientar som er tilvist frå lege, eller psykolog kan ta kontakt med Pasientreiser på tlf 05515 dersom ein treng hjelp til reiseplanlegging, utfylling av reiserekningsskjema eller reisoppgjer. Vi, eller tilvisar, kan bestille reise. Hvis nevropsykolog.no AS skal gjere det, må vi få telefon, SMS eller mail om dette seinast kl. 13.00 yrkedagen før reisa.

Det kan også vere andre instansar som ønskjer å tilvise til oss, t.d. barnevern, PPT, rettsvesen, politi eller forsikringsselskap.

Når nevropsykolog.no AS har fått tilvisinga, vil pasienten få skriftleg innkalling, med kopi til den som har tilvist. 

Dersom ein vil avbestille, må ein gjere dette seinast to yrkedagar på førehand. Elles må pasienten betale både eigenandel og refusjon.

Prisar

Ein del av undersøkingane vert betalt gjennom refusjonsavtale med HELFO. Der undersøking/behandling vert finansiert på denne måten, er behandlinga gratis for personar under 18 år. Pasientar over 18 år betaler eiganandel etter HELFO sine satsar. Vårt Vippsnummer er 117 063.

Dersom pasientar er tilvist med problemstillingar frå NAV, refunderer oftast NAV eigenandelen. 

Ved ein del høve vert pasientar tilvist av andre instansar (t.d. PPT, forsikringsselskap, rettsvesen). Her vert prisen avtala på førehand.

Ved rettleiing av psykologar i spesialistutdanning og andre faggrupper vert prisen avtala på førehand. Det same gjeld førelesingar og kurs.