Medarbeidarar

Nina Dalen er utdanna psykolog frå Universitetet i Oslo (UiO), og er spesialist i klinisk psykologi med fordjupningsområdet klinisk nevropsykologi. Ho har arbeidd med barn og vaksne pasientar innanfor nevrologi, habilitering, rehabilitering og psykisk helsevern. Nina har også lang leiarerfaring som regiondirektør og FoU-direktør. Ho var i mange år leiar i Fagetisk råd i Norsk Psykologforening, underviser på etikk-kurs og seminar i inn- og utland og hadde eigen etikkblogg på sidene til Norsk Psykologforening. Ho har vore medlem i Sentralstyret i Norsk Psykologforening og   medlem i det faste etikkutvalet for samanslutninga av dei europeiske psykologforeningane (EFPA). Nina har vore kommunepsykolog i Hol og Ål.

 

 

Nina og Knut har i 2019 gitt ut boka: Profesjonsetikk for psykologar. Boka er pensum i psykologutdanningane i Norge

Knut Dalen er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen (UiB), og spesialist i klinisk psykologi med fordjupningsområdet klinisk nevropsykologi. Han er dr.philos og har professorkompetanse i klinisk nevropsykologi. Knut har også europeisk psykologdiplom EuroPsy. Han har arbeidd innanfor rusfeltet, barne- og vaksen-nevrologi og barnehablilitering i tillegg til svært mange år ved Nevropsykologisk Poliklinikk ved UiB, nokre år som professor II. Knut var medlem i Den rettsmedisinske kommisjon, Psykiatrisk gruppe i perioden 2015-2023. Han har vidareutdanning som klinisk rettleiar, og har omfattande erfaring som rettleiar for studentar, psykologar i spesialistutdanning og andre faggrupper. Knut har arbeidd mykje med yrkesetikk og forskingsetikk inn- og utland, både som etikkekspert for EU-kommisjonen, forskar, førelesar og rettleiar. I perioden 2007-2013 var Knut medlem i Statens Helsepersonellnemnd. Knut var leiar for Ankeutvalg for Fagetiske Klagesaker i Norsk Psykologforening frå 2013 til 2020. I perioden 2010-2017 var Knut medlem i Den nasjonale forskningsetiske komite for medisin og helsefag (NEM). Knut var i perioden 2010-2021  medlem i INAS sin Eligibility Committee som har ansvar for å klassifisere utviklingshemma idrettsutøvarar på internasjonalt nivå. Knut har vore prosjektleiar i Hallingforsk, knytt til UiO som forskar, og vore kommunepsykolog i Hol og Ål.