Kva er nevropsykologisk undersøking?

I nevropsykologisk undersøking ser ein korleis hjernen fungerer ved å undersøke tenking, åtferd og kjensler. Ved hjelp av intervju og ulike testar undersøker ein korleis personer fungerer på ulike område:

 

Vi nyttar testar som er standardiserte og normerte. Testresultata vert samanlikna med resultat frå grupper med same alder, kjønn og utdanningsnivå. På denne måten får vi fram ein funksjonsprofil der ein kan vurdere pasienten sine testresultat opp mot det ein kjenner til frå klinikk og forsking. Såleis kan vi sjå om resultata er i samsvar med funksjonsendringar i hjernen. Vi får også ei god vurdering av ressursar hos personen.

 

Nevropsykologisk undersøking er sensitiv for endringar i korleis hjernen fungerer, og kan plukke opp lette hjerneorganiske funksjonsforstyrringar som ikkje har vorte avdekka ved hjelp av hjerneavbildning (CT og MR) eller nevrofysiologisk undersøking (EEG). Hos pasientar der ein har avdekka funksjonsforstyrringar ved hjelp av t.d. MR eller EEG, kan ein ved hjelp av nevropsykologisk undersøking finne meir ut av om dette verkar inn på korleis pasienten fungerer på ulike område.

 

I tillegg til testing, har ein også omfattande samtale med pasienten der ein kartlegg tidlegare sjukdomar, skader og andre relevante opplysningar. Når vi undersøker barn, har vi også omfattande kartleggingssamtaler med foreldre/føresette for å få eit bilde av utviklingshistoria til barnet. Det er også vanleg at vi går gjennom journalopplysningar, opplysningar frå PPT, skule eller andre som pasienten har vore i kontakt med.

 

Vi lagar alltid ein skriftleg rapport etter den nevropsykologiske undersøkinga. Denne vert sendt til den instansen som har tilvist pasienten. Det er vanleg å ha ei eit tilbakemeldingsmøte med pasient (og/eller foreldre) der vi går gjennom resultata av undersøkinga, før den skriftlege rapporten vert sendt. Ofte deltek vi i oppfølginga, t.d. på møte med fastlege, skulemøte, ansvarsgruppemøte eller møte med NAV i etterkant av undersøkinga. Vi har møterom med topp moderne IT-utstyr der vi kan ha møte med opp til 15 deltakarar. Vi kan også delta på slike møte utanfor vårt kontor.