Kvifor nevropsykologisk undersøking?
Mål med nevropsykologisk undersøking
Finne ut om vanskane kjem av ei funksjonsforstyrring i hjernen eller om dei har andre årsaker (t.d. normal aldring, depresjon, smerter, uro, angst)
Vere til hjelp for å stille diagnose
Funksjonskartlegging og differensialdiagnostikk ved psykiske lidingar
Omfattande funksjonskartlegging med tanke på å legge til rette t.d. undervisning, arbeid, treningsopplegg
Gi råd om tiltak for å betre funksjon, t.d. i samband med rehabilitering eller attføring
Gi råd om kva ein bør gjere av vidare behandling eller undersøkinga
Måle eventuelle endringar i funksjon over tid, t.d. etter trening eller spontanbetring
Døme på relevante problemstillingar
Spørsmål om svikt i hjernefunksjon etter hovudskader, t.d. i samband med ulukker, vald, fallulukker og liknande
Utredning av kognitiv funksjon, konsentrasjon og arbeidsminne ved mistanke om ADD/ADHD hos barn eller vaksne
Vurdering av funksjon etter hjerneoperasjonar, t.d. ved hjernesvulst
Fungering etter hjerneslag eller hjerneblødning
Kartlegging av mogleg svikt i hjernefunksjon etter rusmiddelmisbruk
Mistanke om demensutvikling
Spørsmål om svikt i hjernefunksjon etter løysemiddeleksponering
Funksjonskartlegging etter skader ved manglande surstofftilførsel til hjernen
Vurdering av om personen fyller helsekrava til å ha førarkort for bil og andre køyretøy
Utredning av lærevanskar
Vurdering av vanskar, ressursar og restarbeidsevne i trygde- og attføringssaker
Ulike nevrologiske lidingar som kan påverke hjernen
Utredning av personskade i samband med forsikrings- og rettssaker
Prejudisiell observasjon
Judisiell observasjon
Klassifisiering av utviklingshemma idrettsutøvarar for internasjonale konkurransar